Publisert av rebekka torsdag, 05/08/2010 - 15:07.
| Framleis kokepåbod
To av fire prøvar tatt på Suldalsosen tysdag 20. juli inneheldt E. coli.
Dette gjer at kokevarslet som vart sendt ut i løpet av helga framleis gjeld. Den eine positive prøven kom frå ein abonnent i Kariåsen og den andre frå Vinjar.
Kloring Suldal kommune skriv på nettsidene sine at dei derfor set i gang med desinfisering av høgdebassenget i Kariåsen ved å tilsetja klor (natriumhypokloritt) onsdag 21. juli. Dette vil dei gjera ved såkalla lågklordosering, noko som gjer at vatnet frå bassenget likevel kan gå rett ut i vassnettet og til forbrukarane. Kommunen understrekar at sjølv om dette vil gjera at vatnet luktar og smakar klor, kan vatnet framleis nyttast til kropps- og husvask og andre gjeremål utan at det får helsemessige eller bruksmessige følgjer. Men vatnet må framleis kokast om ein skal drikka det.
Les hele artikkelen fra Namdals avisa her.
[Rebekka @ AUN] Kilde: www.suldalsposten.no (21.07.10)
|
|